Pragmatisme eller bibeltruskap?

tom-kirke-2Vi lever i kyrkjeleg samanheng ved eit tidskifte.

“I eit samfunn der pragmatisme er eit positivt lada uttrykk, kunne ein tenkja at dette trauste uttrykket kunne koma til god nytte! Me lyt sjå stort på det! Alle dei tolv biskopane i Dnk (Den norske kyrkja) er einige om å akseptera og anbefala at me, slik situasjonen er i Dnk, lyt få to liturgiar for vigsle i kyrkja vår, i staden for den eine me har no, for vigsle av ein mann og ei kvinne som går inn i livsvarig ekteskap,” skriver Ingolv Gjedrem i et innlegg postet på Dagen. Innlegget er så bra av vi gjengir det i sin helhet

I tillegg skal me få ein ny liturgi. Denne skal jamstellast med den gamle liturgien. Den skal gjelda for vigsle av ein mann og ein mann, eller ei kvinne og ei kvinne. Det første premisset som ligg til grunn, er at begge slag vigsle, både det me før kalla med heider vigsle til ekteskap og dette nye, skal gå føre seg i kvar einaste kyrkje som høyrer inn under Dnk. Det andre premisset er at dette ikkje vil koma til å splitta kyrkja.

Dei tolv biskopane er einige – det minner om dei tolv apostlane og dei tolv stammane i det gamle Israel – men skinnet bedrar diverre. Desse tolv i bispeskjorte og med bispekrossar er einige om noko Bibelen – Guds Ord er djupt ueinig i. Dei trur visst at diskusjonen vil koma til å stillna og at dette ikkje vil splitta Dnk. Dei tek fatalt feil, kløyvinga er allereide eit faktum. Ei kyrkje som vigslar det Guds ord brukar sterke ord for å fordøma til fortaping, byggjer ikkje lenger på sanninga, slik Guds Ord klart og tydeleg underviser oss. Dette er ikkje Bibeltruskap, men ubrukeleg pragmatisme.

Dei tolv med si ettergjevande haldning har, så langt ein har erfart, ikkje oppnådd det minste. Sturla Stålsett i «Åpen folkekirke» er ikkje einig med dei tolv, men vil gå lenger, dermed er dei tolv – sannsynlegvis – med all sin kompromissvilje like langt.

Dersom det vert fleirtal for å tvinga igjennom at kyrkja sine organ, i strid med kyrkja sine statuttar i skrift og vedkjenning, skal tvinga gjennom samkjønna vigsle i alle kyrkjer under Dnk, då skal ein ikkje vera profet for å skjøna at dei kjem til å tvinga gjennom at det berre skal vera ein liturgi felles for «å inngå eit liv i alvorleg synd» og «å inngå eit liv i Guds skaparordning ekteskapet».

Dei trur på demokratiet, men einsar ikkje det faktum at omgrepet lutherdom inneber at Guds Ord er «einaste regel og rettesnor for lære og liv». I tillegg til at Bibelen sin læreautoritet stengjer for demokratiet sin rett til å gripa inn i kyrkja si lære og kyrkja sitt liv, har vi og truvedkjenninga som byggjer på Bibelen sin autoritet, men konkretiserer og forklarar den. Eit av desse skriftene er Luther si vesle katekisme.

Alt dette er avgjort i utgangspunktet, her har demokratiet ingen rett til å gripa inn med vedtak som bryt med normen kyrkja byggjer på. Både dei tolv og Sturla Stålsett har sett seg utover og brote denne normen. Det er lov i ein organisasjon å ha statuttar som ligg til grunn for korleis ein skal forvalta og leia verksemda, slik er det og med kyrkja. Den er kalla til å forkynna lov og evangelium og styra i kyrkja overeins med Bibel og vedkjenning. Kristne vener, vi treng Bibeltruskap – ikkje pragmatisme!

Skrevet av  Ingolv Gjedrem, Bryne. Hentet fra avisen Dagen