Ture Andersen: Vert vår oljeindustri knust på nokre timar ?

Russland er ein farleg fiende for oss nordmenn . Noreg har vorte karakterisert som eit uvenleg land av russarane . Russland er den største atommakta på jord : Dei har like mange atomstridshovud som resten av verda til saman. Russarane har utvikla den såkalla dommedagstorpedoen « Poseidon « over mange år . Denne er 24 meter lang , har ein diameter på 1,6 meter , kan gå ned til ei djupne på 1000 meter og går med ein fart på 100 kilometer i timen . I tillegg er han « stelth « : Nesten umogeleg å oppdaga . Den har atom-framdrift og har eit komprimert atomstridshovud på 100 megatonn som våpen . Denne bomba er ei termonukleær Kobolt-bombe som er kring 4500 gongar sterkare enn den A-bomba som USA sprengde over den japanske byen Nagasaki hausten 1945 .

For at denne bomba skal ha mest muleg verknad : Så må den ned på stor djupne ved sprenging . Poseidon er konstruert for å laga ei enorm flodbølje . Det vert sagt at denne flodbølja kan verta opp mot 500 meter høg . Om russarane skulle finna på å sprengja ein elle fleire av desse torpedoane i Nordsjøen eller lengre nord : Så vil vår oljeindustri – både offshore og onshore – vera historie . Våre landbaserte olje- og gassanlegg ligg ved sjøen . Den svære russiske atomdrivne ubåten « Belgorod « – med ei lengde på heile 178 meter – var operativ i juli 2022 og er « stelth «. Det vert hevda at denne ubåten har minst seks Poseidon-torpedoar om bord .

Lebesbymann ( Anton Johansen ) fekk eit syn natta til 13. november i 1907 . Her fekk han sjå mykje av det som ville henda i framtida – både i Noreg og resten av verda . Han reiste rundt til statsleiarar både i Noreg , Sverige og Tyskland og fekk jamvel audiens hjå kong Haakon . Mykje av det han « såg « i dette synet har vorte røyndom .

Han såg også at ei stor flodbølje ville råka Nordsjøen . Dette skjøna han lite av fordi dette havområdet ikkje er vulkansk – som han skriv . Vidare såg han store øydeleggjingar i London og i andre land som grensar til Nordsjøen : Han nemner også Kristiansand . Denne tsunamien vil merkast heilt opp til Boda ; fortel Lebesbymannen .

Underskrivne har rekna litt på bøljefarten om ei slik bombe går av i Nordsjøen eller i Norskerenna ( kvadratrota av djupne multiplisert med 9,81 gjev bøljefart i meter / sekund ) . Nordsjøen har ei gjennomsnitts-djupne på 94 meter . Går ein slik torpedo av på denne djupna : Vil tsunamien gå med ein fart på kring 100 kilometer i timen . Nordsjøen har ei største djupne på kring 300 meter . Går bomba av på denne djupna : Vil bøljefarten vera på kring 200 kilometer i timen . Men går bomba av i Norskerenna med ei djupne på opptil 700 meter : Så vil flodbølja gå mot land med ein fart på kring 300 kilometer i timen .

Styresmaktene våre har fått i stand varsling på alle mobiltelefonar i landet . Dette kan syna seg å verta til stor hjelp for oss om russarane skulle finna på å sprengja ein eller fleire slike torpedoar . Då kan me få tid til å røma opp i høgda for å unngå flodbølja !

Innlegget er skrevet av Ture Andersen. Tidligere offiser i det norske forsvar

2 tanker om “Ture Andersen: Vert vår oljeindustri knust på nokre timar ?

  1. Putin er ein grusom person. Sjuke dikatatorar oppstår gong på gong.
    Han er stormannsgal og har ikkje empati for sitt eige folk. Ukrainarane levde eit trygt og godt liv heilt til denne sjuke Putin begynte med galskapen sin.
    ————-
    Putin har trua med atomvåpen og skryter av desse avanserte våpena Russland har.
    USA er diverre snart konkurs. Pengane rekk ikkje til overalt dei ynskjer å delta.
    Ukraina står i fare for å mista pengestøtten. Donald Trump har sagt han vil kutta overføringane.
    Han truar og med å trekkja USA ut av Nato.
    Skulle det skje er dei europeiske landa veldig sårbare. Då vert Russand verkeleg farlege.

  2. Å du juger og juger langesæter du er kun en tulling og Jesus fornekter som prøver å gjøre deg til venn med ture, du kommer med helt ville og løgnaktige påstander om Trump, Trump har aldri sagt at han skal legge ned nato, og han har aldri hatt noe å gjøre med russland og putin,så ro deg ned, men putin og Russlands atomvåpen kan fort bli den straffedommen som lebesbymannen spådde at Gud vil kunne ramme oss og de andre frafalne nasjonene rundt Nordsjøen med når vi fordømmer Israel, Gud vil fordømme oss og de frafalne nasjonene i Europa for disse syndene.

Det er stengt for kommentarer.