Oskar Rong: Kven er denne Putin?

Eg trur at han levde 2000 år tidlegare. Det heng saman med det eg har skreve før om Antiokus Epifanes. Han var dyret. Sjå Op. 17 vers 8 – og meir. Her ser me at han var dyret som var og ikkje er men skal koma att. Eg har funne at han har talet 666. Denne Putin er han som skulle koma att, det er dette eg trur. Me kan ikkje venta Jesus før denne er komen, det er lett å skyna. Men han skal ned til Israel med ein hær av russarar som skal støtta han. Der vert dei til stor plage for Israel , både hæren og heilagdomen. Dei jaga han ut or landet sitt, og han rømte så fort han kunne. Men det var Israel han ville til.

Turen tilbake vart 1290 dagar. Då set han opp slottstelta sine ved Harmageddon. Men han var først inne i Egypt. Profeten Esekiel skriv at den dagen han reiser til Israel skal det koma eit stort jordskjelv over landet. Her trur eg det meinast frå Egypt og til Israel. Jordskjelvet kom, men eg trur det var ei atombombe som Israel hadde plassert der. Der miste han heile hæren sin, men han sjølv og den falske profeten var blitt hefta på vegen, dei kom ikkje med der.

Desse to vart av Jesus blåste til eldsjøen med pusten fra sin munn. Det er nok Paulus som skriv det. Slik endar han sine dagar på jorda. Det er gjerne noko som kan verta mistolka. Desse to, Putin og Antiokus har fått talet 666, men det er Putin som er dyret med dette talet. Det er eg som har gjeva Antiokus dette talet, men då har eg teke med han som skal koma att i endetida. Det er den åttende kongen, men han er og ein av dei sju. No er han komen att meiner eg, eg trur det er Putin det er tale om. Er det slik, så vil me nok få høyra mykje frå denne Putin frametter. Han har nok mange år til før døden fær med han.

Det er alvorsame tankar for oss alle, og me må søkja Herren, både gamle og unge.

Innlegget er skrevet av Oskar Rong i Norge i Dag

3 tanker om “Oskar Rong: Kven er denne Putin?

Det er stengt for kommentarer.