Kva ville barnet i mors liv stemt?

barnet-i mors-liv“Med den mediedekninga valet i USA har hatt her i landet, skulle ein tru valet vart avgjort i Noreg –og då ville garantert Hillary Clinton vorte president. I det valet ville det norske kristenfolket i stor grad vore på kollisjonskurs med hovudtyngda av evangeliske kristne over dammen. Mediedekninga med sitt enorme personfokus framfor fokus på sak og langsiktige verknader i prinsipielle spørsmål, gjev eit politiske korrekt og tilnærma samla votum nokså sjølvsagt,” skriver tidligere Dagen redaktør Johannes Kleppa i et innlegg i Dagen som  jeg ønsker å dele

I det eg skriv desse linene, er folket i USA ved røysteurnene. Poenget mitt er då heller ikkje kven som vert president i USA, men eg synest det er merkeleg at ein nasjon som USA ikkje kan få fram presidentkandidatar med større personleg integritet, moral og tillit enn denne gongen.

Mitt poeng er kva kriterier ein skal leggja avgjerande vekt på når røystesettelen skal brukast.

Det var ein som kommenterte valet av president ut frå kva som ville vera «tryggast om eg var barn i mors liv». Det er det avgjerande innsteget til spørsmålet, eller omformulert til fylgjande:

«Kven ville eg ha røysta på om eg var i morsliv, og hadde røysterett der?»

Då ville eg ha røysta på den som gav meg størst sjanse for å verta fødd og få leva. Utan eg fekk det, ville jo alle andre spørsmålet vore totalt uaktuelle for meg.

Hillary Clinton står for eit ekstremt liberalt abortstandpunkt. Om barnet i mors liv hadde hatt røysterett, trur eg ikkje ho ville fått ei einaste røyst frå den delen av folket. Då vil heller ikkje eg gje henne mi røyst. Den som skal få røysta mi, kan ikkje gå inn for omfattande fosterdrap.

Ut frå Donald Trump sin opptreden er eg ikkje trygg på han i noko spørsmål, men han har i alle fall gjeve lovnader til barnet i mors liv i tråd med det partiet hans står for. I USA er det dessutan slik at det er høgsterett som i abortsaka, som i alle andre fundamentale spørsmål, har det siste ordet.

Alle dei fire noverande konservative dommarane er utnemnde av Ronald Reagan og Georg W. Bush, medan dei fire liberale er utnemnde av Bill Clinton og Barack Obama. Den niande plassen står tom, og begge kandidatane har sagt dei vil fylgja opp tradisjonen frå sitt parti ved nye utnemningar. Det kan ha svært mykje å seia for den verdimessige og moralske utviklinga i USA.

Det er ikkje så lenge til vi skal ha val i Noreg også, og då må vi stilla oss det same spørsmålet: Kva parti ville barnet i mors liv ha røysta på?

Det er viktig med dei rette personane, altså folk med personleg integritet, med høgverdig moral og tillit. Det kan vi finna i alle parti, og vi kan finna brotne kar over alt.

Det er også mange einskildspørsmål som er viktige, og samarbeidskonstellasjonar har mykje å seia. Det er likevel ei sak som overgår alt – sjølve livet, og med det livsretten. Det spørsmålet kjem vi best til rette med, om vi ser det ut frå posisjonen til barnet i mors liv.

Innlegget er opprinnelig publisert i avisen Dagen 

Facebook Comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *