Exodus Den norske kirke?

tomme-kirker“Vi opplever ein kritisk situasjon i Den norske kyrkja, på grunn av ein dominerande, liberal fraksjon i den ytre sektoren og halvvegs utafor kyrkja vår. Jesu brør og søstre står, i sorg over sviket i Den norske kyrkja, fast på bibelsk lære og etikk, sjølv om vi måtte verta tvinga til å gå ut av denne kyrkja og oppretta eit samlande alternativ.” Mange ser på dette som vanskeleg. La oss sjå på ulempene ved å bli innafor. Alternativt tilsyn er avvist av Bispemøtet i Den norske kyrkja. Med unntak av Biskop emeritus Ole D. Hagesæther i Bjørgvin, har leiinga knapt teke gruppa Carissimi på alvor. At Den norske kyrkja har vald å avvisa ei seriøs, klassisk rørsle med mange gode vigsla og leke medlemmer, som til nå har ynskt å bli innafor Den norske kyrkja, talar sitt eige språk,” skriver Ingolv Gjedrem i et innlegg i Dagen

Utviklinga innan folket i den talrike ytre sektoren av Den norske kyrkja, med gruppa Åpen folkekirke i leiinga, har i aukande grad vist uvilje mot å gå inn i debatt, men tydeleg vilje til å vigsle og velsigne homofile/lesbiske par.

Deira hovudsak for eksistens er for oss kvalifisert vranglære. Verken dei eller vi har prutningsmonn.

Ved eit fatalt feilgrep har dei seks tradisjonelt konservative medlemmene i bispekollegiet, i lag med dei 6 liberale, signalisert aksept for å utarbeida liturgi for vigsle og velsigning av homofile /lesbiske par.

Heile bispekollegiet gir på denne måten legitimitet til alvorleg vranglære, som kjem til å dela kyrkja i to. Om dei 6 hadde stått på sitt primærstandpunkt, ville dei ha hatt legitimitet og større moglegheit for å påverka i Kyrkjemøtet denne våren og i Det nye kyrkjerådet fram mot Kyrkjemøtet i 2017.

Eg har vanskeleg for å skjøna at ein biskop, i ei så viktig sak, står inne for å avvisa noko han eller ho har lova å stemma for.

Er det faren for tap av god økonomi som får ein til å stemma for det ein er imot – er det mammon som styrer?

Eg argumenterte tydeleg ut frå Bibelen mot Biskop Vagle, under “Etterutdanningskurs I, i Nidaros bispedømme på Stiklestad 15. til 17. oktober 2007”. Famfor biskopen og halvparten av dei tilsette i Nidaros Bispedømme, ei veke etter at Prost Torset i Namdalen prosti hadde gitt meg brev om at eg var tilsett som Sokneprest i Namsskogan og Røyrvik prestegjeld, som ligg opp mot fylkesgrensa med Nordland og inn mot svenskegrensa.

Vagle brukte god tid på å leggja det inn over oss, at vi ville få fleire homofile/lesbiske par som ville gå inn i teneste i bispedømmet, at me måtte ta godt imot dei og samarbeida med dei.

Biskopen argumenterte mot det eg sa, men eg tok ordet att to gonger til og argumenterte mot hans syn på homofili og sa at han ikkje hadde høve til å tilsetja homofilt/lesbiske samlevande og at eg difor ikkje såg poenget i å ta imot dei og samarbeida med dei. Eg var aleine om å argumentera mot biskopen i saka.

Då eg sto utafor kyrkja, såg på dei gamle bygningane og gledde med over den historiske staden Stiklestad, kom to kollegaer bort til meg og sa at eg hadde klart meg godt i diskusjon med biskopen. Dei sa dei var heilt einige med meg i alt eg sa.

Seinare har eg tenkt at når presteskapet knapt signaliserer kva dei står for i homofilisaka, korleis skal då folk som kjem til kyrkja oppfatta kva som er rett og gale i dette og i andre spørsmål.

Eg visste at med min argumentasjon gjorde eg det ikkje enklare for meg, verken i samarbeidet med Biskop Vagle eller i forholdet til Prost Torset i Namdalen prosti.

I tillegg sleit eg med ein rygg som ikkje var god, sjølv om den var operert for alvorleg grad av spinal stenose, og to vonde hofter som seinare vart skifta ut med proteser i 2008 og 2009. Men ikkje ein augneblink har eg trega på at eg har stått for det eg har vore overtydd om ut frå Guds ord i denne saka og i andre saker.

Jesus seier i Matt.23,8-12: ”Lat ikkje nokon kalla dykk lærarar; for de har ein lærar: Kristus.”

Jesu ord lyftar fram for oss som ideal ein Kristusavhengig og Kristusdedikert kyrkjelyd der vi alle er sysken, Jesu brør og søstre.

Vi høyrer saman og “velsigna band bind Guds folk saman.” Jesu ideal for leiing er tenarsinnet: “Den største av dykk skal vera tenaren dykkar!” Men likevel, ingen skal få motivera oss til å halda fram i ei heterodoks kyrkje, som slår vrak på Guds ord og tek frå oss vår kristne integritet.