Styggedom-motbydelig -avskyelig eller vemmelig

STYGGEDOM Publisert I går kl. 13:58 på verdidebatt – 733 visninger
torsteinl
Kva ligg i ordet “styggedom”?Gud kallar ein del ting for styggedomar. Andre ord i bibeltekstane er motbydeleg eller avskyeleg. Vemmeleg ville kanskje vore eit ord me ville brukt. Desse orda vert brukt i mange samanhengar. Det gjeld for mat og drikke. Det gjeld ved kjønnsleg omgang. Det gjeld ved avgudsdyrking. Nokon kristne snakkar no om den nye pakt, og trur at det Gud kalla ein styggedom eller vemmeleg i GT er vorte ein delikatesse eller noko akseptabelt i dag.Mange kristne homofile vert sinte når ein siterer desse tekstane i GT, der homofile handlingar vert kalla avskyeleg eller motbydeleg.

“ Du skal ikkje gje nokon av borna dine til Molok; du skal ikkje vanhelga namnet åt din Gud. Eg er Herren. 22 Du skal ikkje liggja med ein mann som ein ligg med ei kvinne. Det er ein styggedom. 23 Du skal aldri ha omgang med dyr; for då vert du urein. Heller ikkje skal ei kvinne by seg fram til eit dyr og para seg med det. Det er stygg åtferd….ikkje gjera noka av desse avskyelege gjerningane – 27 for alle desse stygge gjerningane gjorde dei som budde i landet før dykk,” 3 Mosebok 18

“Men noko ureint skal aldri koma inn, og ikkje nokon som fer med heidensk styggedom og lygn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hjå Lammet.” Åp 21

Gud har kalla oss og vil reinsa oss frå slike motbydelege handlingar.

Folk reagerar på at menneske utfører vemmelege handlingar med dyr.

Ein les av og til om dette i avisene.http://journalen.hioa.no/journalen/Innenriks/article36913.eceGud har innstifta seksuallivet som ein naturleg og fin del av ein heilskap.Når menn nyttar endetarmen til seksuell aktivitet, så er dette etter Guds ord ei vemmeleg handling eller ein styggedom.Det er uakseptabel oppførsel.

Gud kallar diverse typar mat for avskyeleg og ikkje eigna som føde for oss.

Grisen og musa er døme på det.

“For med eld skal Herren halda dom,

med sitt sverd skal han slå kvart menneske;

mange er dei som Herren feller.

17 Dei som helgar og reinsar seg

når dei går til hagane

i lag med ein som går i midten,

dei som et SVINEKJØT,

MUS og annan STYGGEDOM,

dei skal alle gå til grunne,

lyder ordet frå Herren.” Esaias 66

Andre styggedomar kan td vera:“Falsk vekt er ein styggedom for Herren,men han gleder seg over fullvektige lodd.” Salomo 11“Kvar hovmodig mann er ein styggedom for Herren.Ver trygg, han slepp ikkje straff!” Salomo 16

I Åp 18 vert endetidas Babylon beskrive.

Ho sprer sine avskyelege styggedomar til dei andre nasjonane.

“Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar. 3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»

http://www.theforbiddenknowledge.com/hardtruth/america_babylon.htm

“Røm frå Babylon, berga dykk alle!

Miss ikkje livet når byen får si straff.

Dette er ei hemne-tid for Herren;

han gjev dei att for det dei har gjort.

7 Babel var eit gullstaup i Herrens hand

og gjorde heile verda drukken.

Folkeslaga drakk av vinen,

difor BAR DEI SEG ÅT SOM GALNE.8 Brått er Babel fallen og knust.” Jeremias 51Ein STYGGEDOM er ei handling som byr Gud imot.Gud er den same i dag som i GT.“Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.

Men dei som i hjarta fylgjer dei avskyelege gudane sine og all den andre STYGGEDOMEN, dei gjev eg att for det dei har gjort, lyder ordet frå Herren Gud.”

Av Torstein Langesæter

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *