EG VIL REISA TIL EIT LAND MED BERRE TO KJØNN

Denne skrivaren bur i gamle Noreg . Der har det i alle år berre vore to kjønn : mann og kvinne . Rett nok er det eit lite unntak frå denne regelen : For kvar 100.000 fødslar kjem det ein såkalla hermafroditt (oppkalt etter kjærleiksguden Hermes ). Det er to typar hermafrodittar : 1. Ser ut som gutt men er jente og 2. Ser ut som jente men er gutt .
Ja , no kan dei kunnige fortelja oss at det finst eit utal av kjønn og at borna i norske barnehagar samt skular får kunnskap om slikt . Dei vert bedne om å kjenna etter sjølve : Kva er du ? Seinare kan dei velja å skifta kjønn og gjennomgå operasjon samt få tilført hormonar . Då får den tidlegare gutten kvinne-bryst og den tidlegare jenta skjegg eller bart eller begge delar . Elles veit eg svært lite om slikt som gamal mann. På folkeskulen , der eg gjekk , var det berre gutar og jenter.

Det høver seg slik at eg har ein halvbror som bur i eit land der det berre er to kjønn . Me har felles far men ulik mor . Halvbror min har eg aldri sett ; men høyrt mykje om . Han har gått i tømrarlære og skal visstnok vera særs dugande i sitt fag . Vidare så er han flink å fortelja men har ikkje skrive noko som helst
– eg veit at han kan både lesa og skriva. Men andre har skrive mykje om broremann min – og det er berre godord . Elles så vart han særs dårleg handsama av styresmaktene der han først budde ; seiest det . No har han det godt på alle vis ; men er , som tømrar , oppteken med å byggja husvære til mange . Han er snart  ferdig med dette arbeidet .No har eg teke avgjerda : Eg vil freista å reisa til det landet der min halvbror no bur – og der finst berre to kjønn ; mann og kvinne . Denne skrivaren er snart 82 år : Så eg må be min halvbror om hjelp til å koma dit . Han veit nok vegen eg skal fara og hjelper meg vonaleg slik at eg kjem fram . Vidare så har han mange hjelparar som også held til i Noreg : Dei hjelper meg truleg også på denne ferda . Det er nok ikkje
lenge til at eg byrjar på reisa . Vil du slå følgje med meg ? Reisa er heilt gratis !

Ture Andersen

Vi ser hvor galt ting er blitt i denne verden. Forvirring, ugudelighet og bedrag. Hva kan man annet gjøre enn å lengte etter å komme til det skjønne landet -der vår bror og frelser bor

2 tanker om “EG VIL REISA TIL EIT LAND MED BERRE TO KJØNN

  1. Det hadde vært herlig å flytte til et land der en slapp å bli styrt av en gjeng med intetkjønn og sluppet en statsminister som danser på bordet halvfull og ør.

    Alt tyder på at endetiden er over oss og dommen er nær 2Petersbrev 2.6
    “Byene Sodoma og Gomorra la han i aske og dømte dem til ødeleggelse; han gjorde dem til et avskrekkende eksempel for dem som senere ville leve et ugudelig liv.”

    5
    2
  2. Dette innlegget vart først lagt ut på Document i dag . No ser eg at dei også har lagt det ut på facebook – der uhyre mange kjem med ” likes “.
    Men det kan kosta å ytra seg slik : Det er mange som går med palestina-flagg i gatene i Bergen . I går synte MIFF ein film i Bergen om hendingane den 7. oktober i fjor for mange frammøtte . Då møtte ein skare med palestinaskjerf og flagg opp ved møtelokalet og hylte : SIONISTENE UT AV VÅRE GATER .

    5
    2

Det er stengt for kommentarer.