Farleg å politisere Holocaust -Fra Norge i Dag

– Lag ikkje politikk ut av antisemittisme. Dette må stogge. Min familie tør ikkje være med på Norsk Folkehjelp sine markeringer av Holocaust. Dette sa On Elpeleg, representant for det Jødiske samfunnet i Bergen. Omlag 100 menneske møtte fram til debatt om krigen i Midtausten i regi av Kirkelig Dialogsenter på Bergen offentlege bibliotek. On Elpeleg deltok i panelet som representant for det jødiske samfunnet. Men understreka at han først og fremst snakka på vegne av seg sjølv.

Skrevet av Ivar Fjeld: Opprinnelig publisert i Norge i Dag

– Etter 7.oktober opplevde barna våre trugsmål og professorar måtte skifte kontor. Utanriksminister Bart Eide seier at auken i antisemittisme skuldast krigen. Det er ikkje sant. Den er over alt, men ingen vil eige den. Det må bli slutt på politiseringa av antisemittismen. Det er farleg. Min familie er redd. Vi tør ikkje møte fram når for eksempel Norsk Folkehjelp vil skipe til markeringar av Holocaust, seier Elpeleg.

Faicel Chaaibi representerte Bergen Moské. Han understreka at mange muslimar kjenner på ein sorg over at dei har mista palestinske medlemer av familien.

– Dette handlar ikkje om krig og situasjonen i Gaza. Det handlar om Israel si framferd mot palestinarar mange stader. Som for eksempel på Vestbredden.

– Eg kjenner folk som er drepne av terrorister frå Gaza. Folk som vart brent levende, repliserte ein opprørt Elpeleg. 96 prosent av jødane i Bergen har blitt konfrontert med Israel sin kamp i Gaza, som om vi er med på et folkemord. Kva har vi med Israel sine handlingar å gjøre?

Stor auke i hat-kriminalitet

Cora Alexa Døving understreka kor viktig bruk av ord er.

– Sei heller stopp bombene, enn å sei ingen sionistar i våre gater, var klare ord frå forskaren ved HL-senteret. Ho minna panelet på at føremålet med dialog ikkje er å provosere, men å få slutt på konflikten.

Pål Tore Haga er radikaliserings-ansvarleg i Politiet Vest.

– Israel si krigføring fører til ei radikalisering også i Noreg, forklarte Haga. Han understreka at politiet si viktigaste oppgåve er å forsvare ytringsfridomen og demokratiet. Så la han til:

– Vi tek alle meldingar på alvor. Hat-kriminaliteten har auka sidan 2023. Det er ein stor auke. Vanlegvis har vi 15-19 slike saker i året. Men i 2024 fekk vi 50 klager på antisemittisme frå jødar. Vi fekk som samanlikning 81 meldingar frå muslimar om islamofobi. Undervisnings-ansvarleg Solveig Moldrheim ved Raftostiftelsen viste til at krigen i Midtausten har skapt frykt hos barn og unge.

– 7.oktober 2023 var det haustferie i Bergen. Då elevane kom attende i skulen, opplevde vi tause klasserom. Barn og ungdom visste ikkje kva dei skulle sei, kva ord dei skulle nytte. Vi oppdaga at dei navigerte nyhetsbildet på TikTok. Og privat gav utrykk for at dei var redde for at det skulle bryte ut ein storkrig som ville råka dei, åtvara Moldrheim.

Det vart opna for spørsmål frå salen. Ei oldemor kjente seg utrygg i gatene i Bergen. Og ville vite kva politiet vil gjere for å auka tryggleiken for folk som opplever redsle når folk brøler «Allahu akbar» og vifter omkring seg. Ei anna kvinne hadde blitt fråriven eit Israelsk flagg under ei markering i regi av Med Israel for Fred. Pål Tore Haga viste til at det er dei operative leiinga i politiet som tar stilling til kva som skal gjerast i samband med trugsmål som oppstår i samband med lovlege politiske demonstrasjonar.

Én tanke om “Farleg å politisere Holocaust -Fra Norge i Dag

  1. Her er det mange ting å kommentere på, men jeg skal velge ut en: «Utanriksminister Bart Eide seier at auken i antisemittisme skuldast krigen. Det er ikkje sant. Den er over alt, men ingen vil eige den.» Ikke så rart Bart Eide sier det, han er jo Hamas-venn og antisemitt og vil skylde på Israel for dette. Vesten kritiserte ikke USA sin tidligere «war on terror», men ble tvert imot en deltaker i den. Når så Israel erklærer krig mot terrorister er det annerledes, da stemples de som folkemordere og statsterrorister. Dette springer ut av antisemittisme.

    Men, for dem som kjenner bibelen så er ikke dette overraskende i det hele tatt. Satan kjemper mot Guds utvalgte. Les f.eks. Efeserbrevet, kap 6:11-12:
    «Ta på Guds fulle rustning, så dere kan stå dere mot djevelens listige knep. For vår kamp er ikke mot kjøtt og blod, men mot makter og åndskrefter, mot verdens herskere i dette mørket, mot ondskapens åndehær i himmelrommet.»

    Og for dem som ikke kjenner Gud, og heller ikke vil kjenne han, så er de inne på en farlig vei. Ateistiske sosialister (slik som arbeiderpartipolitikere) vil da få «sviktende dømmekraft», jfr Romerne 1:28:
    «De brydde seg ikke om å kjenne Gud, derfor overga Gud dem til en sviktende dømmekraft, så de gjør slikt som ikke sømmer seg.» Dette er fra 2024-utgivelsen.

    I 1930 sa man det sterkere – udugelig sinn: «Og likesom de ikke brydde sig om å eie Gud i kunnskap, så overgav Gud dem til et sinn som intet duer, så de gjorde det usømmelige»

    3
    1

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *