Ture Andersen: Dei kristne miljøaktivistane

Biskopene ville sole seg i glansen av Hank Von Helvete (Foto Flick)

“​Det er ein god kristen grunntanke at me skal ta vare på miljøet rundt oss og halda orden. Men somme som definerer seg sjølve som kristne ; har nærast vorte miljø-hysterikarar. Ja, tilmed prestar og biskopar kan koma inn under nett denne kategorien aktivistar. Eg hugsar det skulle vera eit stort miljø-toppmøte i Danmark for nokre år sidan – der også president Obama skulle delta. Dei fleste biskopane i Noreg fann ut at der skulle også dei møta og vera tilstades. På vegen til København gjorde dei stopp i Oslo , kalla til seg TV , og fekk opptak av seg sjølve og mannen som kallar seg ” Hank von helvete ” – der dei saman stod i ei trapp og song med denne kjendisen. Kva slik framferd skal tyda på ; er vanskeleg å skjøna – kan henda ville kyrkja sine fremste fortelja oss andre tufsar at dei reiser til toppmøtet for å påverka leiarane i verda. Klima-møtet i Danmark vart ein fullstendig fiasko ; og bispane drog heimatt i dulgsmål – med ” rova mellom beina “. Kven betalte reiserekninga – kan ein gjerne undra seg over,” skriver Ture Andersen i et innlegg

​Men då spør eg : Var det ikkje betre å halda seg heime og be til Jahve og Yeshua ( Jahve er namnet på vår kristne Gud. Jesus heitte ikkje Jesus , men Yeshua ) og be om ” godt og lageleg vér ” slik dei gjorde før i kyrkjebøna. Då véret og klimaet tok til å endra seg , vart denne bøna fjerna frå kyrkjene. Kor er logikken her ? Trur dei ikkje på at bøn hjelper ?
​Desse geistlege trur tydelegvis at denne jorda vår skal stå, som ho no gjer, i fleire hundre år framover. Om dette er sanninga ; så kan eg skjøna at prestar og bispar og andre kristne engasjerer seg i klimadebatten. Men her er det at mi tru kolliderar fullstendig med desse folka. Ja, det er mange som lever av å vri andletet og laga grimasar og nyver framføre TV-opptakaren – for å få oss andre inn i deira tankebaner om klima og miljø.

​Yeshua vart spurd om endetida. Då ba han oss studera profeten Daniel ; samt å skjøna det me las der. Såleis : Det er Daniel som har ” kodane ” til å dekoda den tida me lever i no. Eg trur at me alt er komne langt ut i endetida – og at det ikkje er lang tid att før den såkalla trengselstida startar ; og heller ikkje mange år att før Herren kjem tilbake til Oljeberget i Jerusalem – der han fór opp for kring 2000 år sidan. Då får me ein ny himmelen og ei ny jord og havet skal vera borte. Då har det lite å seia om havet er fullt av plast-søppel – når havet er borte ! Difor tek eg dette klima-hysteriet med knusande ro. Dei av oss som les i Bibelen ; ser kva profetane fortel om denne tida : – Når hav og brenning brusar…Det gjer det sanneleg både titt og ofte.

​Nei, prestar , biskopar og andre forkynnarar burde bruka arbeidstida si til å fortelja folk om livet sine to utgangar – at det har enorme konsekvensar for den einskilde om vedkomande hamnar på feil plass i all æve. I staden ser me stadig at desse fremste kyrkjeleiarane frontar miljøsaka samt at Noreg skal ta inn fleire asylsøkjarar og flyktningar. Vidare ser me også ei samrøre mellom prestar i Den norske kyrkja og imamar tilhøyrande Islam – der dei møtest til felles samlingar. Eg møter folk som kan fortelja meg at kristendom ( Jahve ) og Islam ( Allah ) har nett den same guden. Då må eg verkeleg kvessa til og fortelja dei at dette er fullstendig feil – og at det berre er ein veg til Paradiset – og at denne går gjennom Yeshua som er vår frelsar. Ja, eg har etterkvart teke til å bruka namnet Yeshua : Tenk om du heiter Lars og alle kallar deg Leif. Jesus var eit namn dei fann på i samband med omsetjing til gresk – visstnok. Det nye testamentet er skrive på gresk medan Det gamle testamentet er skrive på hebraisk. Yeshua snakka arameisk som liknar mykje på hebraisk. Men dette veit prestane mykje meir om enn eg gjer. Det er tydeleg at namn på personar er viktig for Yeshua. Me hugsar at han skifta namnet på læresveinen Simon til Peter. Paulus heitte Saulus. Difor må me heller ikkje kalla Yeshua for Jesus.

​Til slutt : Denne skrivaren tek med bøna om godt og lageleg vér kvar einaste kveld. Eg bed særleg for Noreg og at Israel må få regn ( det har ikkje regna jamnt skikkeleg der på fire år ; så Gennesaretsjøen ligg tre meter lågare enn full vasstand ). Når meldingane om storm og orkan kjem over fedrelandet vårt ; kan eg nytta mykje av natta til å be Vår Herre dempa ned både vind og nedbør. Kristne miljøaktivistar burde heller gå inn i sitt ” lønnkammer ” og be til den Allmektige om godt vér og klima – i staden for å rota seg inn i politikken. Dei veit vonaleg kva Paulus ramsa opp av slike fæle ting som møter oss i endetida – ein av desse er ” partier “.

​Ture Andersen

Facebook Comments

3 tanker om “Ture Andersen: Dei kristne miljøaktivistane

    • Jeg traff en jøde i Jerusalem og han sa «God understands all languages ​​but speaks only Hebrew»

      Den allmektige forstår også den norske versjonen av «Yeshua»
      Jesus, han hører våre minste sukk, vi trenger ikke ha kurs i hebraisk for å snakke med vår frelser og redningsmann

  1. Det er mangt en kan undre seg over når det gjelder prest eller biskop. I tilleg til ovennevnte stunt, så tenker jeg tilbake til tiden før Stålseth ble biskop. Han var leder i det Lutherske verdensforbund. I den forbindelse hadde han reiser til Øst- Europa der han møtte kirkeledere, så vel som politistke ledere. Slik vi Norge ble informert, var det ikke noen lidelse hos kristne. Men via Misjon bak jernteppet fikk vi høre sannheten om fengsling av de kristne. Da pastor Wurmbrant klarte å komme til vesten, fikk vi høre om fengsel og tortur.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *