Bodnariu saken: Held forsvarslause born i fangenskap

bodnariuLeserbrev skrevet av besteforeldrene til Bodnariu barna: “Vi har ikkje hatt lyst å stå fram i media, for det kan så fort misforståast. Men ut ifrå innlegg i Firda 30. januar, frå rådmann i Naustdal kommune og leiaren i bladet finn vi det rett å fortelje om dei faktiske forholda rundt den mykje omtala barnevernssaka i Naustdal. Vi syntest ikkje det er greitt at rådmannen, andre kommunetilsette eller nokon som helst vert hetsa eller mobba. Men når vi veit at denne saka kom som eit sjokk på mange og ikkje minst på oss i familien, er det vel ikkje rart at det vart reaksjonar. Denne saka har gjort heile familien og langt utanom den svært vondt. Det har òg vore vondt å lese innlegg i saka frå forskjellige aviser der oppdragelsen av barna har fått ein negativ omtale utan at vedkommande kjenner dei faktiske forholda. Vi som bur her i heimen og har hatt barna rundt oss sidan dei vart fødde, må då vere dei som kjenner best korleis barna har hatt det hos foreldra. Mormor har til tider teke seg mykje av barna. Når dei kom frå skulen og foreldra ikkje var heime, var barna med oss. I den tida huset dei no bur i var under restaurering, budde heile familien hos oss i eit halvt år, og vi hadde dermed full oversikt over oppdragelsen,”
Vi kan berre forsikre at vi aldri har sett at det har vore brukt vald mot barna, knapt nok at dei har vore høgrøysta med dei. Barna sjølve har heller aldri fortalt oss at foreldra har vore stygge med dei. For oss som er så glade i barnebarna våre ville det
vere utenkeleg å vite at dei ikkje hadde det godt utan å gripe inn. Vi er då fullt oppegåande personar.
Det har komme enormt med telefonar til oss i denne tida. Folk er heilt oppskaka når dei får høyre kva framgangsmåte barnevernet i kommunen har brukt. Det ringde ei dame frå Oslo som hadde fått kjennskap til saka gjennom media. Ho spurte om barnevernet har tatt barna våre ut ifrå det som barna seier. Ja, kan det
vere mogleg, sa ho. Så kunne ho fortelje at ho hadde sjølv vore med i barnevernet i Oslo. Dette var for ho ein uhøyrt framgangsmåte. Mens rådmannen seier at «barnevernet i Naustdal har gjort ein god jobb».
Ein nær familiemedlem på anna kant av landet med son på 8 år kom ein dag frå skulen og påstod at læraren hadde tatt kvelartak på han i klasserommet. Mor betvilte dette, men han gjentok det gong etter gong. Ho kontakta læraren, som vart svært fortvila. Og man fekk det oppklart at dette ikkje stemte. Liknande tilfelle har
vi høyrt fleire av der barn har komme heim frå skulen og andre plassar og fortalt ting som ikkje stemte med verkelegheita. Alle som har barn veit at dei kan overdrive og ta ting ut av samanhengen. Barna kan la seg påverke av spel og film,
og kan seie det som passar ut ifrå spørsmål dei får.
Vi oppfatta det slik ut ifrå innlegg i leiarspalta at redaktøren har valt side i barnevernssaka. Han nemner spesielt dette med kristen oppseding, og skriv at dette «sjølvsagt er reint oppspinn». Vel, då får vi sjå på kva rektoren på skulen ifølge saksdokumenta seier i telefonen i samtale med barnevernet den 13. oktober.
«Skulen fortel at det er ein svært kristeleg familie, spesielt mormor i familien er veldig kristeleg med sterk tru, syndstenking, straff frå Gud. Alle tanter og onklar deler dette synet. Rektor tenker dette hemmer barna.» Er dette oppspinn!? Og så kan sin spørje kvifor dette vert dratt inn i meldinga frå skulen?
Dette kan ikkje oppfattast på anna måte enn at rektor meiner kristendommen er farleg for barna. I politiavhøyr fekk morfaren spørsmål om han kjende til at barna vert utsette for noko press (indoktrinering i forhold til kristentrua). Då morfaren byrja å svare litt på sida av spørsmålet, fekk han beskjed om å ikkje seie noko anna enn det som hadde med saka å gjere. Altså hadde den kristne oppsedinga med saka å gjere. Er dette òg oppspinn?
Det er litt spesielt å registrere at utanlandske media har forstått kva som har skjedd i Naustdal kommune i denne saka, mens norske media har ikkje forstått, eller rettare sagt, vil ikkje forstå. Her går ein i den gamle trua at «lille snille Norge» ikkje driv noko kristendomsforfølging – men det er mange måtar å drive det på.
Redaktøren i Firda seier i leiarspalta at ein må ha «tillit til at barnevernet prøver å gjere det som er til barnas beste».
Ja, men korleis har så barna det? Jau, dei fortel at
dei gret mykje og saknar foreldra. Det gjentok dei begge fleire gangar. Dei ville heim att. Eldstejenta på no 10 år (i januar) sa i telefonsamtale den 14. januar då morfar var til stades (første kontakt sidan 16. november) at ho vert supersint om dei
nektar ho å treffe foreldra. Her held ein forsvarslause barn i fangenskap borte frå heimen mot si vilje. Vi finn ikkje ord for kva vi føler. Og dette kallar rådmannen i kommunen, sitat: «at
barnevernet i Naustdal har gjort en god jobb».
Vi må ha lov å spørje. Kva er det som bur i menneske som kan gjere noko slikt mot andre sine barn? Barnevernet har ein arbeidsmetode som psyker ut både barn og vaksne. Det kan
ikkje ha anna til hensikt enn at barna og foreldra skal bryte saman. Det er hardt å måtte seie det, men etter måten Naustdal barnevern opptrer på i vår erfaring, forstår vi ikkje anna enn at ingen barnefamiliar kan føle seg trygge i kommunen, spesielt
utlendingar.
Du får ha oss unnskyldt, rådmann, men vi har eit godt råd. No er tida inne då du bør vurdere å gå. Og ta barnevernet med deg.
Kommunen og vi som bur her kan ikkje vere kjent av at Naustdal vert verdskjent på grunn av eit nådelaust barnevern som held barn i fangenskap så dei ikkje skal få komme heim att til ein god heim med gode foreldre.

Skrevet av besteforeldrene til de fem barna norske myndigheter har kidnappet

3 tanker om “Bodnariu saken: Held forsvarslause born i fangenskap

  1. Virkelig bra skrevet av de stakkars besteforeldre! Jeg synes så synd på de barn og hele familjen, og jeg håper at Naustdal kommune skyndsomst returnerer de barn til foreldrene. Det er helt ude i skogen, at de tror, de kan gjøre slikt!!

    • Jeg stemmer med i det du skriver Dansker. Det må gjøre fryktelig vondt for besteforeldrene og hele slekta. Det går forsatt ikke inn i hodet mitt at barnevernet kunne finne på å gjøre det de gjorde. Det er, som du sier, helt ute i skogen… Ja, jeg mangler ord, og kan bare legge alt framfor Gud i bønn. For Gud er ingenting umulig!

    • Dette smerter meg også, når ett lem på Kristi legeme lider, lider vi alle med, skrev Paulus. Blant norske kristenledere ser det ut til at dette ikke gjelder lenger.

Det er stengt for kommentarer.