Ture Andersen: “Om å skjøna endetida”

“Det høver seg slik at denne skrivaren slett ikkje har mykje å skryta av. Det var underskrivne som trudde at det kom til å verta ein russisk invasjon av gamle Noreg ved juletider 2016. Det vart det ikkje. Mange var då skræmde, og fleire ringde meg – frå heile landet. Eg gjekk i bøn for alle desse kvar einaste kveld – og mange kristne bad til Vår Herre om at det ikkje måtte verta invasjon av vårt kjære fedreland. Som sagt ; eg har slett ikkje mykje å skryta av. Men det høyrer med til sanninga at eg har nett same utdanning som vår vørde konge. Han ligg fem år føre meg i ” løypa ” og er utdanna som kavalerist og videre ved Krigsskolen – underskrivne er utdanna som sambandsoffiser frå Jørstadmoen og seinare Krigsskolen,” skriver Ture Andersen i dette innlegget

Dette var den dyraste utdanning som kunne gjevast ein norsk borgar – fekk me stadig innprenta av offiserane ved Krigsskolen. Kan henda fekk me båe noko kunnskap om å tenkja framover – som taktikarar og strategar. Skal du vinna ein krig ; så må du vera glupare enn fienden.

Foto: You tube

Kva vil eg fram til med dette ? Jau , ein må tenkja taktisk og såleis framover i tid. Ser du på fjernsynet kvar kveld om det som skjer i Syria og i andre muslimske land ; herunder Irak, Afghanistan og Jemen ? Nærare helvete kjem du ikkje. Dei brukar syringass mot sivile, vert sagt.. Det finst fleire typar stridsgassar ; men nervegassar som syrin er blant dei mest fårlege. Får du ein liten dråpe av denne gassen på huda di ; går du i krampe og får hjartestans fort. Det finst ei motgift som heiter Atropin ; og denne må setjast i kroppen ( låret ) straks etter eit gass-åtak. Så langt min kunnskap rekk ; så er det ikkje nervegassar som er brukt i Syria – men andre livsfårlege gassar – herunder sennepsgass som luktar som nyslått gras. Eg har lukta på denne gassen under eit kurs på Lahaugmoen i byrjinga av 1960-talet.

Som kristen må du skjøna kva Gud ( Jahve ) vil.

På tross av motstand fra partileder Jonas Gahr Støre gikk landsmøtet i Arbeiderpartiet inn for å fjerne K en i religionsfaget. (Foto Flick)

Denne skrivaren trur at vår gode Gud snart vil ha slutt på alle desse lidingane kringom i verda. Då må du ikkje ønskja at dei borgarlege partia kjem til makta. Du må be for at Arbeidarpartiet ; som nyleg har vedteke at K-en i Krl-faget skal bort, vert styrande i Noreg. På landsmøtet deira vart det vedteke i 2015 at Palestina skulle godkjennast som eigen stat – av Noreg. Dette vedtaket ligg framleis fast.
Om vårt land vedtek at Israel skal delast i to ; vert det ikkje lenge før Noreg vert delt i to av Russland – trur eg.( Bibelen omtalar dette som GOG-krigen) . Gog er Russland; også omtalt som ROS i Skrifta.

Anton Johansen blir ofte omtalt som profeten fra Lebesby. Hans store syner fra 1907 venter ennå på sin oppfyllelse, kanskje fordi Gud har gitt Norge ny nådestid?

Mange profetiske utsegn går ut på at Trondheim er staden der grensa mellom Russland og Noreg kjem i framtida. Frankrike er eit av Nato-landa som kjem for å hjelpa oss ; seier Anton Johansen ( lebesbymannen )- og dette skjøna han slett ikkje noko av i 1907 – lenge før Nato vart oppretta. Om du vil låna ditt øyra til denne karen – som fekk eit syn frå Vår Herre ei novembernatt i 1907 ; så vert det invasjon av både Noreg, Finnland og Sverige – av Russland. Han nemner spesielt øya Gotland – der svenskane nyleg har vedteke å utplassera 300 soldatar. Sommaren 2017 skal det også haldast ei svær militær øving ( ” Aurora ” ) i Østersjøen – med mange tusen soldatar herunder store styrkar frå USA. Men Sverige er ikke medlem av Nato – kvifor kjem Nato då dit ? For å terga russarane ?Russland har sine interesser i dette området.- grunna enklaven Kaliningrad der ein del av deira flåtestyrkar er stasjonert; inklusive krigsskip som kan skyta atomrakettar heilt til Island og Spania.. Den som kontrollerer Gotland ; kontrollerar også Østersjøen ; seier dei kunnige.

Valet til hausten

Du skjønar nok min tankegang. Skal du få slutt på alle lidingane kringom i verda, og få Jesus tilbake på Oljeberget i Jerusalem – der han fòr opp for kring 2000 år sidan – så må

Forfatter av innlegget vil selv stemme på Trygve Slagsvold Vedum og Senterpartiet. (Foto Wikipedia)

du røysta på anten Arbeidarpartiet eller det framstormande Senterpartiet. Underskrivne vil røysta på Senterpartiet, sidan eg meiner at bønder er dei som produserer mat; og som vert livsviktige for oss i framtida. Dei er mykje for lågt lønna – tenk berre på at Noreg har ein sjølforsyningsgrad på 38 %. Det verkar som desse sterkt arbeidande mat-produsentane er motstandarar av sjølvaste Staten. Veit du kva svolt er ? Eg har fått kjenna på slikt under øving ” Trangen ” nær svenskegrensa på byrjinga av 1960-talet – der me var utan mat i meir enn ei veke.
Eg tek oppatt : Det er maten me lever av ; og bøndene burde vorte handsama på ein heilt annan måte av Solberg-regjeringa. Tidlegare regjeringar har også sine ” svin på skogen ” i denne samanhang.
Trur du at det er andre land i Europa som kjenner ansvar for å forsyna oss med dei 62 % av matvarene me manglar – når det er krig eller krise ? Kvart år får Ukraina 200 millionar kroner frå Noreg. Bøndene her hjå oss får truleg 300-400 millionar kroner frå same Staten. Palestina-arabarane får omlag 700 millionar kroner kvart år frå oss for å løna terroristane deira. Dette er det doble av det den samla bondestaden i Noreg får.

Gje di røyst til Arbeidarpartiet eller Senterpartiet ved valet til hausten ; så vert det vonaleg fortgong i Jesu attkome !
Ture Andersen

7 tanker om “Ture Andersen: “Om å skjøna endetida”

  1. AP med Senterpartiet som haleheng vil ha:
    – Flere muslimer til Norge
    – Mer åpen islamisering av Norge
    – Muslimsk nestleder som vil gi de unge Koraner
    – Muslimsk AUF-leder
    – Bort med Kristendommens K i skolens KRL-fag
    – Et tredje kjønn
    – Økte skatter med 15-30 milliarder
    – Flere enn to personer kan være foreldre til samme barn.
    – Fortsatt økende boikott av Israel
    – Økte overføringer til ”palestinske” terrorister

    Dersom du mener dette er et godt valg for kristne er det vel på tide å bli med barna på søndagsskolen.

    • Det var AP som i 2013 solgte ubåt-basen. Og som startet nedleggingen av Forsvaret under den tidligere pasifisten Jens Stoltenberg.Det må da være oppsiktsvekkende for rimelig oppegående mennesker at en Krigsskoleutdannet offiser skriver her på Søkelys at han ønsker AP velkommen tilbake til tømmene. En skal høre mye før øra detter av, men dette tar vel kaka. Velkommen til en gal, gal verden der penger rår over ALLE ideologiske idealer.

  2. Bare en kort kommentar angående din påstand om at staten kun tilfører jordbruket 300-400 mill i året.
    Det korrekte er at bøndene samlet mottar ca 22 milliarder i året. Og de er tilbudt 400 mill mer i årets oppgjør, noe de har avvist.
    Jeg er forøvrig enig med deg i betydningen av å styrke matproduksjonen, og jeg vil også stemme SP. Men, dette er bare en av mange gode grunner for å gjøre det.

  3. Til : Sadoks sønn

    Du har misforstått meg fullstendig. Jeg vil stemme på SP slik at AP kommer til makten – da vil det bli fortgang i prosessen med at Jesus kommer tilbake til Oljeberget i Jerusalem. Det du lister opp i 10 punkter er helt korrekt – men dette må til for å få slutt på alt det forferdelige som skjer i verden.
    For å sitere de gamle strilene : – Da må vessna før da bessna…..( Det må bli verre før det blir bedre… )

    • til Sadok:

      Det er “pling i boks” å stemme på AP og SP til høsten, Det du nevner :

      AP med Senterpartiet som haleheng vil ha:
      – Flere muslimer til Norge
      – Mer åpen islamisering av Norge
      – Muslimsk nestleder som vil gi de unge Koranen osv
      Ture Andersen trodde jeg var mer oppegående enn å foreslå
      slike ting

  4. Jeg skjønner at mine tankebaner er vanskelig å forstå for flere. Om du ikke er kristen ; vil du nok ikke forstå dette. Men har du satt din lit til Jahve og har Jesus som din Herre og Frelser ; så bør du forstå min tankegang. Men jeg prøver påny :
    I endetiden skal menneskene gjennom en forferdelig trengselstid – som visstnok strekker seg over sju år – før Jesus kommer tilbake til Oljeberget – der han fòr opp for ca 2000 år siden.
    Slik verden har utviklet seg med kriger og slakt av mennesker ( IS ), bør denne trengselstiden komme så fort som mulig – mener jeg.
    Her i Norge kan man sette fortgang i denne prosessen ved å stemme AP eller SP. Da kommer det trolig til å gå ” på dunken ” mye raskere.

Det er stengt for kommentarer.